tirsdag 25. juni 2013

Turkis ♥ korall

Eg kjøpte peoner før bursdagen til Hermine. 
Og når desse opna seg, viste dei den finaste korall- fargen. 
Heilt nydeleg mot det turkise fatet 
eg har satt buketten på! :)
Tusen takk til de som tar seg tid å legge igjen nokre ord! 
Det  er dokke som gjer det moro å blogge! :)

Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 24. juni 2013

Ny spalte

For ei stund sidan kom spalta mi i Fylkesmagasinet.
(eg har eiga interiørspalte der i annakvart nummer) Denne gongen har eg skrive litt om uteplassen. 
Du kan lese den på nett her, om du vil :)
Eg ønsker deg ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 22. juni 2013

Hermine sin 1 årsdag

Her kjem nokre bilder frå 1 årsdagen til Hermine. 
Vi hadde huset fullt av familie. Hermine storkosa seg som midtpunkt ;)
Her kjem eit bilderas. Det vart mykje rosa pynt, 
akkurat slik ei ekte prinsesse 
skal ha det! ;)
Eg blanda søte markblomster med nydelege peoner. 
Til vaser brukte eg hermetikkbokser med pålimt tapet.
Ungane i selskapet fekk sitte rundt sitt eige vesle bord ;)
Ei blanding av mykje søtt, og litt sunt på kakebordet.
Eg laga denne Tobleronekaka
 med friske bær for første gong til selskapet. 
Og den lager eg garantert fleire gonger. 
Nam!:)
Hermine fekk ete bursdagskake heilt aleine. 
Det fallt veldig i smak. Og det vart mykje griseri ;)
Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 21. juni 2013

Uteplassen i sol

I dag har vi feira 1 årsdagen til verdas beste Hermine. 
Vi skulle egentleg feire den ute på terassen, men der var vergudane mot oss. 
Det har regna i heile dag. Så vi feira den inne istaden, bilder kjem ;) 
I dag viser eg terassen slik den såg ut i går kveld. 
Den bader i herleg sol!
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 19. juni 2013

DIY; enkel vimpelrekke

På fredag er det ein stor dag her i heimen; Hermine blir 1 år! 
Kor blir tida av??? Det må jo sjølvsagt feirast. 
I den anledning har eg laga ei 
enkel vimpelrekke.
Den henger i stova enn så lenge. 
Viss det blir fint ver til festen, så skal den få vere med ut :)
Du trenger;
tau/hyssing, stoffrester, saks og ei limstift. 

Så er det berre å klippe og lime. Eg har klipt trekantane doble, 
slik at eg har bretta dei rundt tauet 
og limt dei mot kvarandre.
Easypeasy ;)
Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 18. juni 2013

Mallorca

I forrige veke var vi på Mallorca. 
Vi budde på Viva Alcudia Sun Village på Playa de Muro like ved Alcudia. 
Ein heilt fantastisk plass for unger. Her mangler det ikkje på aktiviteter. 
Stort barnebasseng med sjørøverskip og sklier, ei flott langgrunn strand like ved, leikeparker overalt, ponni- riding, barnevenlege resturanter og mykje meir. 
Vi var veldig uheldige, sidan begge jentene fekk feber dei første dagane. 
Så det vart mykje "bli-frisk" -tid på hotellrommet. 
Men vi hadde det fint likevel, og dei siste dagane når 
begge var friske var det veldig stas!
Ha ein flott tysdag!

Klem frå Bjørg :-)
..som har fått på målekle, og skal ut å måle rekkverk, juhu!;)

mandag 17. juni 2013

Heldig Vinner!

Det er på tide å trekke den utruleg heldige vinnaren av 
Mammasmykket i sølv som er designa og handlaga av Anne Lise 
hos Øvrebø Smykkeverkstad.
Eg trekte ved hjelp av random.org. 
Det var 86 stk som tok lodd, og nr 66 vart trekt ut....


.....gratulerer så mykje til Marianne utan bloggmarianneguddal(ætt)hotmail(dott)com
Du vil bli kontakta :)
Og til de andre som ikkje var fullt så heldige; Smykket finn du i nettbutikken saman med mykje anna fint. Trykk her så er du der! ;)

Tusen takk til Anne Lise som ville gje vekk dette flotte smykket! 

Ha ein strålande kveld!
Klem frå Bjørg :-)

torsdag 6. juni 2013

Snart tilbake..

Eg tar ei lita bloggepause.
Men eg er tilbake til trekninga av denne herlege Gje- vekken :) 
Ta gjerne eit lodd, og ver med i trekninga om eit nydeleg Mammasmykke i sølv.
Ha ei fin- fin veke!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 5. juni 2013

Blomster

Eg har eit stort forbruk på blomsterbuketter. 
Det blir rett og slett litt "nakent" her uten. Noko av det som er finast med denne
 årstida er at ein kan plukke blomster gratis, rett utanfor døra. 
Fine er dei og! Dei drysser litt fort, men det er 
raskt å skifte dei ut ;)
Tusen takk for alle fine ord de legg igjen på bloggen, Facebook og på epost. 
Eg blir så utruleg glad for tilbakemeldinger. 
Det inspirer til å fortsette å blogge :)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 4. juni 2013

I virkeligheita..

..ser det slik ut hos oss. 
Og som regel mykje verre enn dette! 
Rosa telt i stova. Leiker strødd utover alt og unger som ete mat i den kvite sofaen.
Dette er ein heim vi lever og  bur i. Det ser berre ikkje alltid sånn ut på bildene eg viser her på bloggen. Misforstå meg rett; Eg liker å ha det ryddig, men ein kan ikkje 
rydde og vaske heile tida! Når eg tar bilder så rydder og styler eg "motivet"
 først slik at det skal sjå fint ut. For det er det som er meininga med 
denne bloggen; å forsøke å inspirere med fine interiørbilder. 
Og då er det ikkje vits i å vise fram rotet og lodottane sine. 
For det inspirerer iallefall ikkje meg ;)
Grunnen til at eg skriv dette, er fordi mange seier/kommenterer til meg; 
Du har det jo alltid så strøkent. Vel, det stemmer ikkje. 
I dag fekk du eit lite glimt. Men som sagt slike bilder 
blir sjelden vare her på bloggen ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 3. juni 2013

Amerika- kiste

Når vi kjøpte huset vårt fulgte det med mange møbler. 
Veldig mykje skrot, men også litt fint. Slik som denne Amerika- kista.
Denne har lenge stått vekk-gøymt på gjesterommet vårt. 
Men no har den flytta ut i gangen i 2.etasje. 
Rommet vi ser inn på i bakgrunnen 
her er Hermine sitt. Bak oss finn du badet. Og til høgre i
 bildene kan du skimte trappa som 
går ned til 1.etasje :) 
Teppet er frå Ellos
 og sommerfuglbildet er frå IKEA.
 Ha ein flott mandag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 2. juni 2013

Avslutta!! Vinn eit nydeleg Mammasmykke!

Give Awayen er avslutta!
Denne har eg gleda meg til! 
I denne Gje-vekken kan du nemleg vinne eit nydeleg 
Mammasmykke i sølv. Eg har det sjølv, og eg bruker det heile tida!
Rundt ringen står det Mamma og hjertene under symboliserer kvart av borna dine.
Det er eit kjempefint design :)
Smykket er designa og handlaga av Anne Lise Øvrebø
 som eig og driv Øvrebø Smykkeverkstad. Øvrebø Smykkeverkstad
vart etablert i 2003 og ligg rett ved E39 i Ålhus i Jølster. Anne Lise designer 
og handlager alle smykkene sjølv. Ho kan også spesiallage 
smykker til deg som berre er ditt. Under her ser de eit lite 
utvalg av det ho har laga.

Nettbutikken finn du her!
Facebooksida kan du like her!
På instagram; @smykkeverkstad

Ideen til Mammasmykket fekk Anne Lise på tampen 
før ho gjekk ut i fødselpermisjon, og prototypen vart til i ammepausene ;) 
Hjertene symboliserer borna til den som ber smykket. 
Og kjem det fleire born etterkvart, kan ein 
enkelt henge på eit hjerte til.
Om du har lyst å vinne eit Mammasmykke,
 kan du legge igjen ein kommentar under dette innlegget.
Om du vil linke blir eg veldig glad, då kan du bruke det øverste bildet.
Kommenterer du som anonym må du huske
 å legge igjen epost-adresse :)
Trekning 17.juni.

1 lodd = 1 kommentar

Lykke til!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails