onsdag 17. februar 2010

På skattejakt..

I huset stod det ein skjenk med barskap. Det var brunt med gulldetaljer, og ganske så slitt.. Men altfor fint til å sende det på søppeldynga. Eg fekk snille Mamma til å måle det med svart Bengalakk (ikkje gravid vennlig akkurat ;) og detaljane vart spraya i sølv.




Det vart eit fint møbel som passa godt inn i spisestua. Og plass til pynt opp på. Og DET lika vi ;) Titanic- kopi som Arielpappa har laga. Karaffel og fat frå lopemarked, lysestake frå Jotex, lamper frå IKEA og Vega- glass . Eg leika linselus på øverste bildet :)

Ellers har eg vore på skattejakt i kjelleren til Foreldrene mine idag etter nye prosjekt (akkurat som om det er mangelvare ;)
Dette fann eg...




Et ganske så medtatt Lundby Dukkehus som vi hadde når vi var små. Dette blir eit moro oppussingsprosjekt. Her skal det tapetserast, leggast golv og tak, målast og innredast. Gøy for Mamma og kjekt for Ariel når ho vekse til. Skal vise bilder når prosjektet er ferdig.



Desse gamle koffertane er kjempefine og smarte til å oppbevare ting i. Har ikkje heilt bestemt meg for kor eg skal ha dei, men det kjem ;)



Ein sliten krakk som kan bli god som ny med en litt fresh farge :)

Og i morgen skal eg på Bruktbutikk....kan ikkje bli bedre!

Ha en flotte onsdags kveld!!:)

Klem

1 kommentar:

åshilds villa sa...

hei kjempe spennende blogg du har .får masse insperasjon av og se på den ..klemm åshild

Related Posts with Thumbnails