onsdag 9. mars 2016

Gjesterommet/TV-stova tar form..

Sovesofaen er på plass i gjesterommet/TV-stova. 
Dei sel tydelegvis ikkje så mange rosa sofaer på Bohus, sidan dei 
automatisk sendte oss ein grå. Men til min store overraskelse sendte mannen 
den grå i retur. Eg trudde han ville falle for fristelsen og behalde den ;) 
Bohus ordna opp på ein super måte. Ikkje mange 
dagane etter vart eg ein rosa sofa lykkelegare ;)

Tapeten heiter Apple Garden og er frå Ellos. 
Ein skikkeleg gladtapet! Den grøne veggfargen har eg bomma litt med, 
så her skal målekosten dyppast i ein ny farge ;)


Litt fleire møbler , TV og ein bildevegg skal 
på plass, så er rommet fiks ferdig :)
Eg gleder meg!

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 6. mars 2016

Påskepynt..


...har vi igrunn veldig lite av.
Difor har eg tenkt at vi skal lage litt i år.
Vi har starta med å lage påskeharer av mjølkekartonger, 
som vi har sådd karse i.

Eg klipte ut harefasongen. 
Så måla vi dei og teikna på kvar sin etterpå.
Jentene teikna fine fjes, mens eg juksa litt med ferdige auger ;)

Å så karse er kjekt for utålmodige små (og Mamma) 
Det veks raskt og resultatet kjem fort. Når det er sjølvdyrka så smaker 
det sjølvsagt ekstra godt også, ifølge jentene ;)



Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 18. februar 2016

Blått er flott ♡

Eg brukte første halva av morsdagen til å kose meg ilag med familien. 
Så reiste mannen og jentene på vinterferie, og eg var snar å finne fram målekosten. 
Eg har lengta etter ein date med den, heilt for meg sjølv! Det er heilt utruleg 
kor kjapt ting går når ein får fred på seg ;)

Eg gjekk sjølvsagt tom for måling, så vi har fortsatt ein vegg som er kvit. 
Men eg er storfornøgd så langt!

Det vart mykje lunare i spisestova vår, synast eg.
Hurra for meir farger ;)

Fargen heiter prekestolen og er frå Fargerike. 
Den er ein tanke blågrøn. Perfekt for meg som elsker både grønt og blått. 
Til og med mannen er fornøgd. Så då er det berre å klappe seg sjølv på skuldra ;)


Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 12. februar 2016

God helg! :)

Det er helg, og for ein gongs skuld er heile huset reint og nesten ryddig.
Då kan til og med gangen bli foreviga med kameraet ;)
Ja, eg sa nesten rydddig ;)
Vi ser fram til ei helg fyllt med kos og ein dæsj kaos!

Ønsker deg nokre fine fridager!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 3. februar 2016

DIY: Hengepotte

Hermetikkbokser kan brukast til mykje!
Denne gongen har eit par av dei blitt til hengepotter her hos meg. 
Superenkelt å lage og mykje billegare enn dei hengepottene 
du kan kjøpe ferdig i butikken ;)

Eg limte først tapet på boksen. Deretter laga eg tre hol med spiker og hammer. Så drog eg snøret gjennom hola og festa med ein knute. Dei tre snørene 
festa eg i ein knute litt over planten. 


Så gjenstår det berre å bestemme seg for kor den skal henge ;)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 1. februar 2016

Kosetid!

Ute daler snøen ned, bygda har fått eit kvitt teppe. 
Inne er det fyr i ovnen. Kaffi i koppen. Ei lita ei som er sjuk og 
helst berre vil ligge på fanget. Vi sit her med teppe på. Ho ser på Drømmehagen og eg taster dette innlegget. Rundt meg ser eg alt som skulle vore gjort, 
men det får vente..I dag er det kosetid! :)


Ønsker deg ei riktig god veke!

Klem frå Bjørg :)

lørdag 30. januar 2016

Ein etter ein..

...blir veggane i spisestova blå.
Eg er eigentleg ganske utålmodig av meg.
Men eg har rett og slett ikkje tid nok, så dette blir eit snigleprosjekt ;)
To veggar ferdige, 2 igjen ;) 
Men det blir bra til slutt, håpar eg.
Det er allereie blitt mykje lunare stemning i rommet.
Og fargen er heilt nydeleg etter mitt begrep!

Eg håper Tor (stormen altså ;) var snill med deg igår. 
Her viste han krefter utan dei store øydeleggingane. Heldigvis!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 29. januar 2016

I ♡ my job!


F
otokunst er allereie populært å ha på veggane, 
det kjem meir og meir dette året ifølge ekspertane. Det trur eg på ;)
Å dekorere veggane i heimen med bilder du virkeleg liker, lager ei god stemning.
Det er også ein fin måte å tilføre eit meir personleg preg i interiøret.

Japan Photo, der eg jobber har nyleg lansert ein ny nettbutikk stappfull av dei finaste kunstbilder. Faktisk over 18 000 forskjellige motiv tatt av profesjonelle fotografer. 
Det er så mykje fint å velge mellom at ein blir heilt svimmel!
Det kjekkaste er at ein kan finne bilder 
som ikkje alle andre har!

Eg har fått den store gleda av å ha ansvaret for kunstbilder.no
Dette har eg stor tru på at eg kjem til å kose meg med!
Mitt første kunstbilde er av hester i ein skog. 
Mystisk, stemningsfullt og vakkert!


Bildet eg har valgt heiter 'Fog' og er tatt av Francesco Martini. Eg har fått det trykt på aluminiumsplate. Denne overflata er matt, gjer ikkje gjenskin og er behageleg å sjå på. Du finn det her! Ein kan også velge mellom galleritrykk, fotolerret og print på akryl. Om ikkje lenge kan du også få kunstbildene på plakat. Kikk gjerne innom kunstbilder.no og finn noko unikt til din vegg :)


Følg meg gjerne på @kunstbilder på instagram og på Facebook her!
Nettbutikken finn du her!

Eg håper orkanen Tor behandler oss fint i ettermiddag/kveld!

Ha en stormfull aften ;)

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 27. januar 2016

Det er på tide...

..å tørke støv av bloggen!
Plutseleg har nesten heile januar gått, og her har det vore stille.
Men det betyr ikkje at det har vore stopp i heimen ;)

Her har eg blant anna svinga målekosten.
No er det veggane som får gjennomgå. Eg er lei av alt det kvite. 
Må.Ha.Meir.Farge ;)

Først ut er veggane i spisestova. 
Eg er komt til vegg nr to, så det går ikkje så veldig raskt kan du seie ;)
Men det er så moro å vere i gong!

Eg var litt 2014 i valget av den blågrøne fargen Prekestolen. 
Sånn er det når mannen ikkje går med på å bruke rosa. Det er jo årets farge liksom! 
Men eg er veldig fornøgd med denne fargen og altså ;)

Håper kvelden din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 29. desember 2015

Glade jul og det som følger med..


Er det ikkje typisk? Omtrent samtidig som jula ringast inn får vi uønska gjester i hus: forkjølelse og feber! Vi har hatt det kvar sin gong, og no er vi ferdig. Bank i bordet! 
Men vi har kosa oss så godt vi kan med god mat og det som høyrer med. 
Berre det å vere ilag over lang tid er fint! :)


år stod jentene for pyntinga av juletreet på lillejulafta. Pynten vart skeivt fordelt, men veldig sjarmerande! Sjølv om eg må innrømme at eg klør litt etter å fikse på det, 
så skal eg ikkje øydelegge gleda for jentene ;)


Vi er heldige som hadde mange fine gaver under treet, 
og flotte folk å feire saman med!


Har du hatt ei fin julefeiring?

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 16. desember 2015

Mens vi venter..

/produkt i innlegget er sponsa av Rikki Tikki

Mens vi venter på å ta inn juletreet lillejulafta, har eg pynta nokre greiner i ein Kahler vase. Dette gjer eg for så vidt kvart år. Men dette året var eg heldig å få tilsendt herleg julepynt i filta ull frå Èn Gry & Sif. Kjempefine synast eg! 

Èn Gry & Sif er dansk design kombinert med nepalisk handverk. 
Sjølvsagt Fair Trade, noko som er veldig viktig!

Eg liker tradisjonell julepynt med ein ny vri. 
Sopper er eg av ein eller annan grunn spesielt svak for ;)

Eg håper kvelden din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 13. desember 2015

Julestemning

 Som vaksen er det sjelden at den store julestemninga 
eg husker frå eg var liten dukker opp. Men på julekonsert i kyrkja idag 
kjente eg den kom sigande. Kanskje fordi eg som lita jente var med å song inn jula på denne konserten kvart einaste år. I dag var første gongen Ariel deltok. 
#stoltmamma

Ha ein fortsatt fin Lucia!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 12. desember 2015

God Adventshelg!


Eg har ikkje så mykje på hjartet idag anna enn å ønske alle ei god helg,
 med nokre bilder frå heimen som har fått litt julepynt! 

Klem frå Bjørg :)
Related Posts with Thumbnails