Eg har sagt det før, og seier det igjen; eg elsker våren!
Det er ein herleg følelse å ta av sokker og strømpebukse, og smette ned i skoa barbeint.
Blomstrete stoff og pasteller er eit must i interiøret, men
også i klesvegen om våren. Og når ein i tillegg kan brette
opp jeansen og vise fram kvite legger,
då er det vår! :)
Dette retrostoffet er min nye store forelskelse om dagen.
Det er frå eit gammalt sengetøy og kjøpt på epla.no. Og det er så utruleg fint!
Kanskje eg må lage eit skjerf av det? Til å bli glad av er det iallefall :)
Veska på bildet er ei skinnveske frå Dixie,
som skal få vere med meg på ein sommerfest eller to.
Eg digger veskene frå Dixie pga det mjuke skinnet og dei fine detaljane!
Denne har eg fått hos Carriealong.no som er ein fin-fin nettbutikk. Dei har eit
imponerande utvalg av fine vesker, kofferter, ryggsekker,
skulesekkar og PC-vesker. Ta gjerne
ein titt her!
Ha ein flott kveld!
Klem frå Bjørg :-)
PS; Det er ingen fare for at eg skal bli ein motebloggar,
men det er moro med litt anna enn berre interiør av og til ;)
2 kommentarer:
Våren er helt super :)
Man blir så inspirert av farger og friskhet. Alt er så mye mer praktisk når været ute er fin og det blir grønt og frodig :)
Fine detaljer.
Så herlig,skal stikke innom den butikken en tur.
Ha en fin dag.
Christinaklem ♥
Legg inn en kommentar