mandag 7. februar 2011

Blomster til DEG..

..som les bloggen min!


Eg vil også minne om Give Awayen min som trekkast på laurdag! 
Her kan du vinne eit gåvekort på 500 kr i den søtaste nettbutikk, nemleg Frydbutikken. 
Ta ein titt her! 


Alt du treng å gjere for å delta er å legge igjen ein kommentar i linken øverst til høgre. 
De som ikkje har blogg kan legge inn kommentar som anonym.
(husk å legge igjen epost- adresse ;)


Ha ei strålande ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 6. februar 2011

"Ny" TV- Stove Del 2

Då var det klart for å vise resten av den ommøblerte stova med 
nye, kvite ektorp trekk :) Skoddene har eg måla i fargen Hammershöi, 
for dei som lurte på det ;)


Dessverre var eg ikkje så lur at eg skreiv opp kvite trekk til stolen og puffen vår og ;) 
Ektorp- stolen har det lyse lintrekket og puffen er fortsatt brun. 
Vi får sjå om det blir ei endring på det ;)
Eller kanskje eg skal la 
det vere?


Bokskapa frå IKEA som er pimpa med blondegardin på innsida av dørene
 har no fått plass der TV'en stod før. Det store skapet inneheld bøker, 
fotoalbum og kontor"ting". Billyskapet 
inneheld DVD'er :)


Framfor skapa har vi sett stolen og puffen. 
Att med ovnen er dette blitt ein skikkeleg herleg plass å sitte.
Enten med ei bok, framfor TV'en eller berre med ein god kopp te 
som eg har planer om her ;)



Den gulspraya lampa mi har flytta frå Spise- stova og inn hit. 
Det gjorde seg med litt knallfarge ;) Vedkassa vår som er ei gammal eplekasse, skal snart få nytt bruksområde. Eg har nemleg ein plan om ei 
litt spesiell ny vedkorg ;)


På den veggen de ikkje har sett står det 2 store korger fulle av leikane til Ariel. 
Dei pleier som regel å vere velta og leikane ligg strødd utover golvet ;) 
Det kan eg vise ein anna dag, 
eller kanskje ikkje?;)

Ha ein god søndag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 4. februar 2011

NIB Utfordring Februar- Oppbevaring :)

Nib si utfordring for Februar er å vise smarte oppbevaringløysingar. 
Etter å ha grubla ei stund, har eg funne ut at eg ikkje er spesielt god på oppbevaring. 
Der må eg ta meg i nakken ;) Men på soverommet har eg nokre løysingar 
hvertfall eg er fornøgd med.

Ei kvitmåla kjøkenhylle beregna på handkle fungerer no 
som oppbevaring for smykker på 
soverommet vårt.


Ein stumtjenar har og fått plass her. 
Veldig grei å ha til å henge vesker, morgenkåpe og diverse på.


Ei bilderamme har fått ny måling og hønsenetting. 
Den er fin å henge øyredobber på :)


Bildene er reprise for de som har følgt bloggen mi ei stund. 
Eg håper de klarer dei ein gong til ;)

Her kan de sjå alle dei kreative oppbevaringsbidraga. 
Bli inspirert, det blir eg ;)

På søndag kjem neste del av ommøblert 
TV- stove :)

Ha ein fin fredag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 3. februar 2011

"Ny" TV- Stove :)

Når foreldrene mine og søstra mi skulle til Bergen
så heiv eg meg rundt og skreiv handleliste
 til IKEA.


Eg hadde slett ikkje tenkt så mykje på at det var noko
 eg trengte, men plutseleg hadde eg skreve opp kvite trekk til Ektorp- sofaen vår.
Reine impulskjøpet (etter "pittelitt" påvirkning frå Bloggland? ;)


No er trekket på plass, og litt ommøblering har det også blitt. 
Eg viser berre eine sida av TV-stova idag. Ellers hadde det blitt altfor mange bilder ;)



Frå før hadde vi det beige trekket til sofaen. 
Eg har igrunn vore fornøgd med det. Men fekk lyst å prøve det kvite. Og eg er storfornøgd! Alle fargedetaljane kom betre fram, og det vart lyst og herleg.


Det er vel heilt på styr å ha kvit sofa, når ein har små unger. 
Men det er jo berre å vaske trekket ;)


Når det gjeld ommøbleringa har vi bytta om TV- benken og bokskapa. 
I tillegg er stolen og puffen flytta bort til peisen. 
Eg skal vise fleire bilder av dette seinare :)

Ha ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 2. februar 2011

MuffinS- Stativ :)

Eg fortset like godt med muffinsar eg ;) 
Men denne gongen den spiselege varianten. Som mange andre er eg 
veldig glad i å bake muffins. 


Til jul fekk eg dette stativet som virkeleg er prikken over i'en. 
Mykje finare å servere muffinsane på dette, enn 
samantrykt på eit fat som eg 
har gjort før ;)


Eg skulle sjølvsagt ha pynta dei med smørkrem
men det har eg faktisk ikkje prøvd endå. Nokon som har ei 
god oppskrift dei vil dele?


Her kjem muffinsoppskrifta, som er mykje brukt her i heimen;

Blåbærmuffins (12 stk)

300gr Kveitemjøl
2 dl mjølk
1 ss bakepulver
1/8 ts salt
120 gr sukker
2 egg
100 gr smelta smør
1 ts vaniljesukker
blåbærsylte

Bland det tørre med det våte. 
Ha i lagvis røre, blåbærsylte (ca 1 ts) og røre på toppen i formene. 
Husk at dei vil heve seg. Eg bruker både muffinsformer og muffinsbrett for
 å få dei fine i forma. Steikast på 200 grader i ca 20 min.


Eg håper alle har ein flott onsdag!

Klem frå Bjørg :-)
(PS; eg har gjort eit impulskjøp som eg er kjempefornøgd med, bilder kjem ;)

mandag 31. januar 2011

SøT NøkkelRinG :)

Madelen la for litt sidan ut dei søtaste nøkkelringer (som ho har sydd for hand) i sin 
bloggbutikk Under Trappa. Nokre var forma som cupcakes, og var
 ein typisk "må ha" ting i mine auge ;)

Den matcha vårveska mi frå Cath Kidston perfekt! :)
Veska er ikkje i bruk endå (venter på våren ;) men nøkkelringen får vere med
 meg på tur kvar dag!


Sjekk ut nøkkelringane og alt det andre Madelen har i butikken sin her og la deg friste ;)
Tusen takk for handelen, Madelen ;)
Eg er storfornøgd!


Mannen har første arbeidsdag etter pappapermisjonen idag, 
eg har fri og skal kose meg heime med Ariel :)


Ha ein strålande mandag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 30. januar 2011

BildeRamme Før&Etter

I fjor fann eg denne bilderamma på bruktbutikken. 
Eg leiter alltid etter slike når eg er på "tokt" der. For sjølv om eg bruker lite gull i huset, 
så er det fort gjort at det får ein ny farge;)


Eg tok sjølvsagt fram min yndlingsfarge for augeblikket; Lavendel
Og den fekk 2 strøk måling. Gjort på ein kveld 
framfor TV'en ;)


Eg hadde egentleg tenkt å lage tavle av ramma. 
Men mens eg venta på at mannen skulle begynne å sage til plate til meg,
 som eg kunne måle med tavlemåling å ha inni. Så hadde eg funne eit nytt bruksområde. 
Eg er ikkje spesielt tålmodig av meg ;)


Eg ramma rett og slett inn Foccaccia veggordet på kjøkkendøra. 
Hengte den berre over. Då vart det ein fin 
fargeklatt på kjøkenet :)


Tusen takk for så mange gode ord på forrige innlegg! 
Eg er heilt overvelda og glad for 
kvar einaste ein :)

Ha ein flott søndag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 27. januar 2011

♥ BanK

Eg har fått i hus eit perfekt eksemplar av noko eg har ønska meg lenge! 
Nemleg ei slik nydeleg gammal vekt
I love it!!! :)


Den passa så fint i kjøkenhylla mi ilag med alle
 pastellane der, synast eg :)

Eg blir glad berre av å sjå på den ;) 
Vekta er herleg gammal og nostalgisk med slitte kanter.






Om nokon lurer på om eg nokon sinne er på jobb på dagtid, fordi innlegga mine blir posta då. Kan eg seie at planlagte innlegg er ein fantastisk sak! No når dette 
blir publisert er eg nemleg på jobb og gjer så godt eg kan! 
Snakk om multitasking ;)


Tusen takk for alle gode ord de legg igjen til meg. 
Eg set veldig stor pris på det! Det er også kosleg at så mange vil vere med 
Give Awayen med gåvekort frå Frydbutikken.no som premie.
Det er framleis lodd igjen. 

Alt du treng å gjere er å legge igjen ein kommentar 
linken øverst til høgre :)

Ha ein fin tordag alle saman!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 25. januar 2011

Nytt i Fjordbua :)

Bloggbutikken min Fjordbua har fått lite påfyll den siste tida.
 Og den er nesten utsolgt, noko som er veldig moro! :) I helga fekk eg
 sydd litt nytt som eg har lagt i butikken.


Barneuro med 5 hjerter 
og pomponger i rosafarger ligg no for sal. 


Det same gjer denne blå varianten. 
Den har 5 hjerter og blondekant.

Barneuroane er fine å pynte med på barnerommet. 
Enten over vogga, barnesenga eller berre som pynt frå foreksempel taket. 
Eller kanskje over stellebordet? Det er kosleg for 
babyen å ha noko å sjå på :)


Eg har og sydd ei vimpelrekke i lilla, blå og grønfarger med blondekant. 
Denne kan ein pynte med overalt. I vindauget, i tallerkenhylla,
 på veggen og mykje meir :)


Planen er å få laga meir for salg i Fjordbua
 så snart som tida strekk til :)

Ta gjerne ein titt i Fjordbua her! Om du lurer på noko, kontakt meg her; husetvedfjorden@hotmail.com

Ha ein strålande tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 23. januar 2011

Settekasse kledd opp i tapet frå PIP♥

I november kjøpte eg ei settekasse frå Madelen sin flotte bloggbutikk 
Kreasjoner frå Under trappa. Der ho i tillegg til å selge ting ho lager, sel loppefunn. 
Settekassa har vore eit av mange prosjekt eg ikkje har komen
 igong med, før tidleg denne veka.

Slik såg settekassa ut før:


Eg berre måtte ha den sidan den hadde det lille ekstra, 
den er forma som eit hus ;)

Slik ser den ut no:

Den vart måla kvit. Og som så mange andre her i Bloggland 
har eg vore ivrig shopper hos inreda.com og skaffa meg tapetprøver, 
3 gonger faktisk ;) Så settekassa fekk
 tapet frå PIP i bakgrunnen.


Ein ildtopp har også flytta inn i Fjordhuset. 
Eg blir voldsomt tiltrekt av rosa, kjenne eg ;)


Ariel hadde veldig lyst å rydde "rotet" som Mammaen
 hadde dandert for å fotografere ;)


Eg er litt usikker på kor eg skal ha settekassa. 
Ariel har allereie to stk på rommet sitt. Så det helde, trur eg :) 
Men eg finn vel på eitkvart!


Vi har hatt ei kjempekosleg helg, og energien er på veg tilbake!

Eg håper alle har hatt ei fin helg, 
og nyt søndagen vidare!

Klem frå Bjørg :-)
(PS; husk å melde deg på Give Awayen min, link øverst til høgre ;)

lørdag 22. januar 2011

Lyslyktene mine...


...er i Boligpluss denne månaden. 
Og det synast eg er superstas! ;)

Det har og dukka opp nokre fine stoff frå Stoff og Stil i posten til meg! (mystisk!;) 
I tillegg har Mamma rydda i sysakene sine, og kom 
med mange godsaker til meg.
Så eg er å finne på 
syrommet! ;)

Ha ein fin laurdag vidare!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails