mandag 18. juli 2011

Det er dejlig å vere norsk i Danmark?

Ja, det er det! ;)
Vi har hatt ei herleg veke i Danmark. 
Eg, mannen og Ariel leigde ei svær hytte ved Stillinge Strand (nær Slagelse) ilag med min bror og mine foreldre. Hytta hadde alle fasiliteter og diger plen med mange leiker :) 
Det var også ei flott strand like i nærheten.
Ariel storkoste seg!


Og at vi var kun ein time frå København var jo også eit pluss;) 
Sjølv om turen dit var litt nedtur når det gjaldt shopping. Eg fann rett og slett ikkje alle
 desse herlighetane av interiørbutikker som eg har høyrt så mykje om! 
Det kan jo vere fordi vi kun gjekk i handlegata Strøget, 
og at vi prøvde å rekke over mest muleg på kort tid. 
Men Søstrene Grene fekk eg med meg, 
og det var ein butikk etter min smak!:)

Vi besøkte også ein dyrepark med mange flotte dyr. 
I parken kunne vi mate alle dyra (vi fekk med pose med mat når vi kjøpte billetter) Det var og muleg
 å gå inn til mange av dyra. Ein kjekk tur for 
liten og stor :)


Eg fann fine bruktbutikker som eg gjorde nokre gode kjøp i. 
Ein liten smakebit her, kjem meir seinare ;)
Sidan eg var i feriemodus har eg ikkje tatt så mange bilder. 
Dei fleste i dette innlegget er tatt av min kjære. Derfor har eg lite med
 interiørbilder å vise fram ;)

Tusen takk til Pappa som spanderte turen på oss! 
Vi har kosa oss mykje!:)

Ha ein super mandag!

Klem frå Bjørg :-)
(som framleis har 3 herlege ferieveker igjen! Jubel! ;)

PS; Veit du korleis ein legg ut pdf filer på bloggen? 
Eg har lyst å legge ut reportasjen frå huset vårt i lokalavisa;) 
Men eg får det rett og slett ikkje til..

6 kommentarer:

Bettum Villa sa...

Så herlig å se at du har hatt en flott ferie i Danmark og kan tenke meg at du kommer til å nyte de 3 neste ukene.
La oss håpe værgudene er snille med oss!
Klem Madelén

Bondekona sa...

Så deilig ut!
Heldige med været også, ser jeg, det har vi bare vært en eneste gang i danmark, og vi har vært der ...sikkert 10 ganger.
:)

Hulda sa...

Så flotte feriebilder du/dere har tatt! Kjempefint der du blåser såpebobler. Likte kjolene dine så godt også. Fine og sommerlige. :)

Takk, Bjørg, for kjempefin hilsen fra deg!

Randi sa...

Ser ut som om de har hatt ein deileg ferie!
Flotte bilete, herleg sommarstemning.
Danmark er eit fint ferieland ;-)
Ha ei fin fin ferie vidare!
Klem klem

Anonym sa...

Hei, måtte inn og kikke på bloggen din etter reportasje i Fjordingen - mykje fint og masse inspirasjon!Nydeleg heim de har. Kjem til å stikke innom deg meir ja : )

Barbro sa...

Flotte bilder. Ser ut til å ha vært en hærlig tur :-)

Klem fra meg

Related Posts with Thumbnails