mandag 20. september 2010

Løp & kjøp ;)

Om du er like glad i Lyshus som det eg er, anbefaler eg 
ein tur til Kremmerhuset.


Då eg var innom idag (kremt, shopping idag igjen ja..;) hadde dei nettopp fått inn 
flotte og store lyshus i zink.


Og det var skikkeleg zinkfarge på dei. 
Shabby og lekkert ;)

Prisen var ikkje noko å seie på. Det var og kampanje på desse. 
Det store koster 129,- og det minste 69,-. 
Så løp og kjøp ;)



Kjempefin stemning med kvite kubbelys 
inne i dei ;)




Krakken lyshusa står på er mitt siste bruktfunn. 
Eg har leita ei stund etter ein slik, 
og plutseleg stid den der :)


Som de ser er den veldig gammal og slitt. 
Valget er no; 
beholde eller måle? 
Tenke, tenke....

♥
Tusen takk til de som har tatt lodd til min Give Away. 
Nokre har og lagt seg til som følgera; 
Velkomen skal de vere, håper de vil trivast her hos meg!
Alle dei gode orda de legg igjen gjer meg så glad, og mi dalande bloggelyst er no 
på veg opp igjen i stor fart :)

I morgon skal eg avsløre hovedpremien i Give Awayen. 
Og den er så bra!!! 
Følg med ;)

Om du ikkje har tatt lodd, 
kan du gjere det 

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 19. september 2010

Vil du vere med å feire?

Eg har lyst å feire bloggen min idag! ;)
For nokre dager sidan laga eg mitt innlegg nr 200, sidan eg starta å blogge i februar i år.
Sidan den gong har eg (i skrivande stund) 183 fantastiske følgera og 
snart 30 000 besøk. 

Dette synast eg er så moro! 
Eg hadde egentleg ikkje tenkt å begynne å blogge, 
men etter å ha lest andre sine interiørblogger i eit års tid... 
så hadde eg plutseleg laga meg ei side eg og. 
Og eg angrer ikkje ;) 

Det som gjer det så moro er dokke som faktisk gidd å besøke Huset ved Fjorden. 
De som gjer meg respons på det eg driv med enten muntleg,
 eller som kommentar på bloggen. 
Det er vel egentleg dokke eg vil feire :)
Tusen takk! 

Tradisjonen tro her i Bloggland feirer eg med ein Give Away ;)

1. premie


Gåvekort på kr 500,- sponsa av


www.frk-doris.no




2.premie


Valgfri vare på lager i Fjordbua (min vesle bloggbutikk)


www.fjordbua.blogspot.com


3.& 4. premie 


Trøstepremie ;)



Reglane er enkle ;)

Denne gongen får du 1 lodd.
Om du har lyst å linke (bruk bildet over) hadde det vore kjempestas, men er valgfritt :)
Om du vil følge meg blir eg kjempeglad, men det er noko du må ønske sjølv!

Anonyme kan delta ved å legge igjen kommentar. 
Men husk å ta med epostadr di slik at eg kan finne deg igjen!

Då ønsker eg alle lukke til! 
Håper du vil delta ;)

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 18. september 2010

Gult er kult!

Då var det komt litt gule innslag i Fjordhuset. 
Når eg er på bloggerunde i Bloggland ser eg at dei fleste kaster ut fargane no. 
Med meg er det omvendt. Eg treng litt farger inne, 
når det er grått og trist ute.


Men i stova var det begynt å bli litt vel "søtt" med mykje pasteller. 
Eg fekk ein vill ide om at gult ville friske opp litt. 
Så lampa og 2 rammer eg fann på bruktbutikken fekk seg 
nokre omgonger med signalgul spraylakk.


Lampa fekk kvit skjerm som eg hadde liggande, og vart plassert på den 
svarte skjenken i spisestova.


Eg synast det vart litt "gøyalt" med 
litt farge ;)


Spisestova har vore veldig kvit, noko eg forsåvidt er veldig glad i. 
Men det var kjekt å prøve eit lite innslag med farge ;)


Den største ramma vart og gul, 
og inne i den fekk solstrålen vår plass :)


Bildet er plassert i spisestova på 
veggen mot TV stova.


Ariel vart veldig fornøgd ihvertfall. 
Ho låg på magen og slo hendene i golvet av rein glede då eg hengte bildet opp. 
Ho kjenner seg sjølv igjen på bilder, søtnosen vår ;)


I vinduskarmen i TV-delen har eg fått på plass 
eit lite familiegalleri.



2 rammer er måla med Hammershöi og 
den vesle ramma er spraya 
signalgul.

♥♥
No er eg veldig spent på om innlegget kjem på rollane denne gongen. 
Dei to siste innlegga mine har eg hatt problem med.
♥
Eg ønsker alle ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)


fredag 17. september 2010

Shopping :)

Jepp, eg har vore "laus" i butikkar igjen. 
Og det er lenge sidan sist, så det gjekk litt villt føre seg ;)


Dette zinkhuset fann eg hos Bohus, 
og det var fort gjort å putte det i handlekorga ;) 
Fin pris og! 119 kr betalte eg for det.
Eg får visst aldri nok av desse husa. Kan lage min eigen by med desse snart ;)


Det andre på fatet er blant anna lyng frå lokalbutikken, zinkbøtte frå Glassmagasinet, bruktfunnlysestaker som er spraya kvite og fyrstikkeske eg fekk frå Madelen. 
Dette er ikkje nytt denne gongen. 

Men det er derimot dette som og er 
funne på Bohus..


Kjempefine Vintage- bilder og supersøte knotter 
eg skal bruke til eit eller anna 
oppussingsprosjekt :)

Eg måtte sjølvsagt innom Bruktbutikken. 
Og er det berre meg, eller er det fleire som blir litt flaue når dei kjem med mykje tilsynelatande "skrot" til kassen?



Det er jo ikkje alle som ser for seg korleis tingene skal bli ;) 
Alt skal jo få makeover(utenom den kvite kammerstaken) og bli flotte!
Eg fann og endeleg ein gammal krakk. 
Men den fekk eg kun reservere sidan den ikkje var prisa endå. 
Men over helga blir den min! :)

Rammene og lampa på det vesle bildet 
til venstre er i ferd med å få nokre omganger med gul (!) spray. 
Jepp, fargane gjer sitt inntok i Fjordhuset.
Herleg! :)


På Kremmerhuset vart det med heim nokre bokstaver. 
Desse utgjer no eit stilleben med bokstavane våre 
i vinduskarmen.


Tusen takk til alle som deltok i spørreundersøkelsen min. Det var artig lesning :)
Det mest interresante er at 1 mann les bloggen min (Pappa? ;)
Det var ein mann til, men den stemma vart plutseleg endra!?!
Og like mange anonyme som de som har blogg les Huset ved Fjorden. 
Det overraska meg! 

Det kjem snart ny spørreundersøkelse som eg håper de vil vere med på :)

♥
Eg merker at bloggelysta mi er litt dalande for tida. 
Mykje som skjer i heimen, og eg klarer ikkje heilt å konsentrere meg om bloggen. 
Men eg satser på at bloggelysta kjem tilbake snart! 
For det er jo så moro  drive med!:))
♥

"Take time while time is, cause time will away!"

Ha ein flott fredag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 14. september 2010

Skoddene

..har endeleg funne plassen sin!
Eg har plassert dei att med vindaugene i TV- stova. 
Ei på kvar side av rekka vår med vindauge (du gjetta rett, Anette ;)
Det er jo det skodder brukast til, men ikkje inne i huset kanskje? ;)
Korleis dei såg ut før ser du her!


Det var ikkje så lett å måle skoddene. 
Eg måtte måle litt og litt, for så og snu å ta vekk renningar. 
Resultatet vart bra synast eg (klapp på skulderen ;)
Eg har framleis ei skodde igjen, som eg pønsker på kva eg skal gjere med ;)


Det er jo litt moro å tenke på at vi fann desse skoddene 
på eit bål klar til Jonsok- feiring ;)
Nokre ser på dei som boss, og eg blir henrykt over å finne dei!
Du kan lese om funnet her!


Eg har fått eit stort behov for litt farge i Fjordhuset.
 Fargen Isvann har eg fått inn både her og der.
 Men no har eg i tillegg lagt min elsk på fargen Hammershöi.


Skoddene har fått denne fargen. 
Det er ein herleg lys grøn pastellfarge. 
Eg syns fargen matcher så fint med mitt nye pledd frå Ellos.


Når eg får noko nytt i stova, då har det med at fleire endringar blir gjort. 
Mange husker kanskje det vesle runde bordet i sølv med lysestaker,
 som eg hadde ved sidan av sofaen? 




Det har eg demontert (Ariel hadde snart rive det ned ;) 
Og puffen er blitt ein slags minisofa 
her istaden.


Då var eg ferdig med endå eit prosjekt her i Fjordhuset. 
Så var det neste! ;) Mangler ikkje "arbeid" den jenta her nei ;)


Tusen takk for alle gode ord de legg igjen! 
Eg blir så glad for dei alle saman!:)

Ha ein nydeleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 13. september 2010

Gullet mitt ♥

Eg hadde ein liten fotoseanse med Ariel igår. 
Som den stolte hønemora som eg er må eg dele nokre av bildene med dokke ;)
Her er ikkje noko oppstilt. Grunnen til at ho ser så konsentrert ut er at ho absolutt skal ha tak i snora til fotoapperatet ;)




Den beste jenta i verda! :)
(heilt objektivt sett altså ;)

♥

Ha ein flott mandag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 12. september 2010

Symaskina..

..har vore i bruk igjen i Fjordhuset :)

No er nye barneuroar
 i rosafarger lagt ut for sal i 


Hjertene er sydd av stoff frå Panduro.


Rundt ringen oppe har eg sydd på 
rosa pomponger.


Dei er fine å ha over senga eller stellebordet 
slik at babyen har noko å sjå på.

Eg har fleire barneuroer i blått på lager, 
om du er interressert i det. 


Eg har og sydd nokre hjerter i "haustdrakt" ;)
Dei er i gråbrunt linstoff. 
Der er blondekant rundt og hekleblomster pynter opp.
Dei var egentleg tiltenkt meg sjølv ;) 
Men når eg var i gong,
 sydde eg nokre som no ligg for sal i Fjordbua.

Send meg gjerne ein epost på 
om noko er av interesse, 
eller klikk her for å sjå meir :)

♥
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
 (som skal fortsette å måle på prosjektet ;)
Related Posts with Thumbnails