fredag 5. april 2013

Vårforberedelser

Nib utfordrer oss til å vise vårforberedelser denne gongen. 
For meg er det beste med våren at naturen våkner til liv. Det blir grønt, det spirer og blomstrer. I år har eg lyst å prøve meg på å få det til å spire og gro sjølv også. 
Før påske sådde eg og Ariel karse, noko som var moro for både lita og stor. 
Også prøvde eg meg på å ta stiklinger av ein pelargonium. 
Desse har eg no planta i potter, og krysser fingrane for at 
dei overlever ;) Eg har laga meg ein plantekrok 
av eit gammalt bord og ein krakk. 
Etter at bildene vart tatt sådde 
vi ranunkler og andre 
vårblomster.

Her kjem mitt bidrag til utfordringa Vårforberedelser;
For å sjå herleg vårinspirasjon eller bidra i utfordringa sjølv, 
kan du trykke her!

Ha ei nydeleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 3. april 2013

Potetkasse blir ny!

Eg har redesigna ei potetkasse eg hadde. 
Med litt måling, tapet og hjul så er den super til oppbevaring :)
Eg har ikkje heilt bestemt meg for kva den skal romme. 
Kanskje strikke/hekle utstyret mitt, 
blada mine eller leiker...
..enn så lenge er det Hermine som bestemmer der ;)
...kassa har litt sprekker. 
Men eg synast det berre gjer den meir sjarmerande.
Den er likevel solid nok til å ha litt vekt opp i :)
Tapeten er frå Retrovilla.
Fargen heiter Hammershöi.
Hjula er frå Clas Ohlson.
Tusen takk for alle fine ord de legg igjen! 
Det inspirerer veldig å få tilbakemeldinger. 

Og eg blir så glad for at du kjem på besøk 
til Huset ved Fjorden!:)

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 2. april 2013

Sanselige Jenterom?

Franciska skal snart gje ut boka "Sanselige Rom" 
I den forbindelse har ho ein konkurranse der ein kan få med bilder i boka. 
Eg har tidlegare deltatt med stova og kjøkenet vårt. 
No tenkte eg å slenge med bilder frå begge 
jenteromma i huset vårt.

Til faste leserar så beklager eg reprise på mange av bildene..

Eg starter med Hermine (9mnd) sitt rom:
Dette rommet har vi nettopp pussa opp. 
Vegger, tak og tregolv er måla kvite. Ein vegg har fått tapet frå Eijffinger.
Loppis-kommoden som opprinneleg var i teak 
har eg måla i rosa og grønt.
Roll-up gardina og trekket til madrassa har eg sydd
 av gamle sengetøy etter Besta.
Mannen laga ein kosekrok ut av eit innebygd skap som vi opna opp. 
No er der sitteplass med madrass og puter. Under er der ei skuff med hjul 
til oppbevaring. Og stjernehimmelen er 
toppen over i'en :)
Ariel (3 år) sitt rom:
Ariel har ei gammal seng på rommet sitt som Pappaen sov i når han var liten. 
Den er rosemåla av Ariel si Oldemor. Himmel med lyslenke
 må ei lita Prinsesse ha ;)
Siste nytt på rommet er dette bokskapet. 
Det var ubehandla, men eg har måla det grønt.
Alt på kjøkenkroken til Ariel er gjenbruk. 
Bordet er laga av eit Lack- bord frå IKEA. Kjøkenbenken er laga av 
to nattbord frå same butikk. Forhenget har eg sydd. Dei forskjellige stolane 
har eg måla for at alt skal harmonere.
Teppet på golvet har eg hekla av remser av sengetøy.
Hermine er på besøk på storesøstra sitt rom ;)
For å sjå flotte jenterom 
og/eller bidra sjølv kan du trykke her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 1. april 2013

Eg øver meg på..

..å få grøne fingrar!
For dette har vore stor mangelvare på før ;) 
Men denne vinteren har eg faktisk fått til å overvintre 3 av pelargoniane mine. 
Stolt! :) Og for å dra det endå litt lenger, så tester eg om 
eg får til å ta avleggerar.

Eg har satt avleggerane i babymat- glas. 
Og det vart så dekorativt, at eg tok ein heil haug med bilder. 
Her er nokon av dei;
Slik tar ein avlegger av ein Pelargonium;

- Knip av ei lita grein med bladverk 
heilt innerst ved stammen på morplanten.

- Set avleggeren i eit glas vatn ei vekes tid, 
når du ser at der er komt rot-tråder kan ein plante i ei lita 
potte med jord.

- Etterkvart som planten veks må du skifte til
 større potte med ny jord.

Så får vi sjå korleis dette går ;)

Ha ein fin siste-kveld-i-påska!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 31. mars 2013

Og vinnaren er...

Først av alt; takk til alle 138 som deltok i Give Awayen. 
Takk til Kremmerhuset som har sponsa den fine premien.Og tusen takk
 for alle fine ord de har lagt igjen. Det frister til ein ny Give Away, 
som snart kjem. Følg med, følg med ;)

Vinnaren denne gongen vart nr 94;
 Evy 

med bloggen ByEvy Photography
Sjekk ut bloggen, heilt fantastisk fine bilder der!

Vi har hatt fine påskedager. 
Veret har vore så flott at det føltes igrunn greit at det vart snø og surt idag. 
Det er godt med ein innedag med god samvittighet
 inne i mellom ;)
Fortsatt god påske!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 30. mars 2013

Husk..

..å melde deg på her om du 
har lyst å vinne 3 fin-fine bokser frå Kremmerhuset.
Ved å skrive nokre få ord er de med i trekninga, som skjer imorgon kveld!
Tusen takk for alle fine kommentarer som er komt så langt :)
Give Away- innlegget finn du her!

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 25. mars 2013

Ei fantastisk..

..flott Påske ønskast til alle de fine der ute!
Eg har bestemt meg for å ta ein liten påskeferie frå bloggen. 
Det blir sjølvsagt trekning av Give Awayen min på søndag! 
Du finn link til konkurransen oppe til høgre. Skriv gjerne nokre ord
om du har lyst å vere med i trekninga av fin-fine bokser
 frå Kremmerhuset :)

Ha det fint så lenge!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 22. mars 2013

God helg!

I går kom Fylkesmagasinet, 
der eg skriv interiørspalte i annakvart nummer, 
i postkassene her i fylket.  Denne gongen har eg skreve om fargar 
i interiøret. Du kan lese spalta på nett her
eller lese avisa på nett her.
Eg tar ikkje heilt påskefri,
så det kjem nok eitpar innlegg iløpet av veka ;)

Ha ei fantastisk Påske! 

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 20. mars 2013

Litt meir frå Hermine sitt rom..

Litt meir har skjedd på Hermine sitt rom
Først av alt er ho begynt å sove der. Ho sovner uten problem,
 og det virker som om ho trivst :)
Eg har sydd roll-up gardiner av sengetøy eg har fått etter Besta. 
Der er lystette rullegardiner bak, slik at det blir mørkt 
på rommet og at gardinene ikkje
 falmer av sola.
Teppet på golvet har eg hekla av stoffstrimler. 
Det høyrer til på Ariel sitt rom, men eg lånte det for bildene sin del. 
Eg skal snart sette igong med eit til Hermine også :)
Bildet av jenta og hunden fann eg på loppis i helga. 
Kjempefint, synast eg :)
 Stjernehimmelen er ferdig, 
og det er komt madrass og puter i kosekroken.
Rommet er litt tomt endå, 
men det blir vel tidsnok fullt etter kvart som Hermine blir større ;)
Her kan du sjå korleis rommet såg ut 
før og under oppussinga.

Det er utruleg kjekt at så mange har meldt
 seg på Give Awayen min allereie! Tusen takk for alle 
dei fine orda som de legg igjen!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 18. mars 2013

Give Away:)

Give Awayen er trekt.
Idag har eg lyst å feire litt! 
Egentleg er det ei veldig forsinka feiring, 
men det er bedre seint, enn aldri ;)
12. februar fyllte Huset ved Fjorden 3 år
Og eg passerte omtrent samtidig 300 000 unike besøk. 
Då er det på plass med ein Give Away :) 
Nettbutikken til Kremmerhuset har vore så snille å sponse premier. 
Uendeleg mykje fint!:) 

Du kan vinne 3 supersøte tinnbokser i forskjellige størrelser.
Dei er flotte som foreks matbokser, eller til oppbevaring.
Alt du treng å gjere er å legge igjen nokre ord under dette innlegget. 
(Eg blir veldig glad om du likevel har lyst å linke. Då kan du bruke det øverste bildet :)
Har du ikkje eigen blogg kan du kommentere som anonym, 
men du må huske å legge igjen epostadresse.
Trekning er søndag 31.mars.

Lykke til! :)

Tusen takk for at du besøker Huset ved Fjorden!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 14. mars 2013

Barnebord og stol Før&Etter

Eg var så heldig å få eit barnebord med stoler av søstra mi. 
Møblane vart kjøpt på Ikea for nokre år tilbake.
Dei vart ståande nokre dager slik dei var. 
Men så måtte eg  forandre 
litt på dei ;)

Før;
 Etter;
 Eg måla bordet turkis (S 0530 B50G) 
Stolen fekk fargen sommersol. Og bordplata fekk ein tapetbit
 av den nye rullen min frå Retrovilla.
Eg skal lakke over tapeten med 
klarlakk for å gjere den 
brukervennleg.

 Ideen er at Ariel og seinare også Hermine kan sitte her og tegne, 
perle osv. Bildene over skal skiftast ut med familiebilder
 og jentene sine kunstverk :)
 Bordet  og stolen er plassert i TV-stova 
ved veggen mot spisestova.  Det vart ein fin fargeklatt
 i eit ellers ganske kvitt hjørne :)
Tusen takk for alle dei fine kommentarane de legg igjen. 
Det gjer blogginga moro for meg! :)

Eg håper dagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails