På Ikea- handlelista mi stod det meir enn kopper og Sofatrekk ;)
Eg har lenge irritert meg over alt som sleng på kjøkenbenken. Dette har eg løyst med å
henge opp stenger frå Ikea med tilhøyrande S- kroker. Benken er no ryddig og
klar for matlaging, og alt det nødvendige
heng fint på veggen :)
Eg har også fått meg endå ei kvit søppelbøtte med lokk frå Ikea.
Desse rommer no papirboss og tomflasker. Ryddig og fint å sjå på, synast eg. Ute av syne, ute av sinn (heilt til dei må tømmast ;) I tillegg har eg skaffa meg denne supersøte boksen frå GG.
Den skal brukast til å strø melis med :)
(noko eg sjølvsagt gjer dagleg, så den
var meget viktig ;)
♥
I dag har eg fridagen min.
Og den skal blant anna brukast til å kanskje få
nyte synet av at vindaugene i stova blir skifta ut. Jubel! :)
Ikkje noko stor forandring interiørmessig. Men no slepp vi trekken frå dei gamle
vindaugene og det blir varmt og godt :)
Ha ein strålande onsdag!
Klem frå Bjørg :-)













