mandag 5. mars 2012

Gamle boksider på veggen

Gangen i 2. etasje har eg igrunn aldri vore fornøgd med. 
Dette er fordi den er liksom på vent i henhold til oppussing (taket her skal rivast, isolerast og leggast på nytt) 
Men no har eg tatt nokre små grep slik at eg kan gå gjennom her 
uten å irrritere meg ;)


Ein kommode frå IKEA har bytta plass med ein litt mindre kommode som stod her før. Denne rommer no sengetøy. Over har eg laga ein liten bildevegg. 
Eg har brukt rammer eg hadde frå før,
 og måla dei kvite.


Eg har ramma inn boksider frå gamle flora og dyrebøker. 
Slike bilder synast eg er så nostalgiske og fine. Eg blir glad av å sjå på dei :)
Fine interiørbøker fortjener å kome fram i lyset og nelliker i vase, opalvase og gammal melkeflaske pynter opp :) Eg er veldig svak for slike "kontorlamper". 
Denne grå fann eg heime hos foreldrene mine.


Slik ser heile denne sida av veggen ut. Badet er som de ser rett fram. 
Til venstre går det ei dør ut til ein komande veranda over inngangspartiet. 
Til høgre er soverommet vårt og bak meg er Ariel sitt rom, 
2 gjesterom og eit lite toalett.


Tusen takk for alle fine ord de legg igjen hos meg!
 You make me happy ;)

Ha ein strålande måndag!

Klem frå Bjørg :-)
(som har klart å pådra seg influensa, igjen!! Virker som eg er ein svamp for slikt for tida..:(..)

lørdag 3. mars 2012

NIB Utfordring Mars ♥ Here I am- This is me

I NIB- utfordringa for mars skal vi vise eit personleg interiør som verkeleg er oss.
Sjølv om eg stadig er frista til å prøve den eine trenden etter den andre, så er det
 liksom dette eg stadig fell tilbake på. Eit lyst og lett interiør, med nokre
 utvalde pastellfargeklattar, blomster, gamle gjenstander
 og heimemekka prosjekt.   


Eg liker også å blande inn litt svart. 
Noko det har blitt meir av i Fjordhuset i det siste :) 
Det er fin balanse synast eg å blande inn svart som kontrast.
Dei lysegrøne skoddene i stova vår er mitt favorittdekor i huset. Skoddene redda vi frå eit jonsokbål, eg målte dei lysegrøne og hengte dei på kvar side av 
vindusrekka i TV- stova. Fint med noko som ikkje alle har ;)


Tekoppen og korga med handarbeid er ofte i bruk i sofaen. 
Og det nydelege kvite hekleteppet etter oldemora mi er eg veldig glad i! :)


Here I am- This is me! :)

Sjekk ut dei andre fantastiske bidraga her!

Ha ein flott laurdag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 2. mars 2012

God Helg til DEG :)

Helga starter bra med blå himmel og sol idag! Herlege tid :) 
Nelliker er atter ein gong komne i hus til helga. Skulle ønske eg fekk tak i ranunkler her i området, men eg har ikkje lukkast med det. Veit du om ein plass i Gloppen eller Stryn
 desse er til salgs så gje meg gjerne ein lyd :)
Vasen nellikane står i er kjøpt
 hos Ellos.no


Ariel er levert i barnehagen, og eg kjenner på kroppen at eg har litt energi til overs. 
Så no skal eg putle litt i huset, ta litt bilder til den spennande NIB- utfordringa
 denne månaden og gå meg ein tur for
 å nyyyyte sola :)


Eg håper sola skin på deg, 
god helg! :)

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 29. februar 2012

Til nøklane

For ei stund tilbake redesigna eg nokre små bilder til å bli oppheng til nøkler.
Eg målte rammene, trekte stoff over bildene og skrudde i krok. 
Du kan sjå innlegget her!


Dei kom aldri på veggen fordi eg ikkje vart heilt komfortabel med grønfargen eg valgte
 den gongen. Difor tok eg rett og slett å målte rammene kvite her ein kveld. 
Også merka eg dei med dymoen slik at vi ikkje
 skal ta feil nøklar ;)


His and hers ;)
Nokre synast kanskje det er dumt å bruke engelsk. 
Men sidan mannen i huset har familie i England er det naturleg for oss 
å bruke litt engelsk her og der :)


Og no er krokane jammen komne på veggen ute i gangen også. 
Uten nøkler her då, for bildet si skuld ;) Trollhasselen har 
fått sommerfuglpynt  (kjøpt hos Grete/Studio H)

Eg ser at eg har runda 600 følgera på bloggen. 
Dette er jo heilt fantastisk!! No må eg gjere alvor av ei feiring snart ;)

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 27. februar 2012

Vårteikn ♥

Eg og Ariel har vore på tjuvtokt i hagen til broren min idag. 
Han har nemleg tett i tett med snøklokker der. Og frekke som vi er plukka vi oss 
ein søt liten bukett uten at han var heime.
Eg tipper det var greit for han, 
og satser på tilgivelse ;)

No står dei så fint i ein liten fløytemugge kjøpt på loppis,
 og minner oss på at våren kjem snart! :)
Herleg!


Eg har fått spørsmål om korleis eg har laga gipsavtrykka av Ariel sine hender og føter. 
Etter å ha sett litt i arkivet mitt har eg faktisk eit innlegg der om akkurat det. 
Du kan finne det her! Om du lurer på noko, så spør meg gjerne :)


Tusen takk for alle gode ord de legg igjen, 
det er også veldig kjekt å sjå at det stadig kjem nye følgera til Huset ved Fjorden.
Varmt velkomne skal de vere! ♥

Ha ein fin- fin mandags kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 26. februar 2012

DIY; Green Gate pute

På mi siste handleutflukt kjøpte eg ein kjempesøt 40x40 cm brødkorg- serviett 
frå Green Gate. Eg hadde egentleg tenkt å bruke den som duk, 
men eg fann liksom ikkje heilt den rette
plassen til den. 


Rundt om i Bloggverda har eg sett fleire som har forvandla kjøkenhandkle til puter. 
Difor sydde eg den rett og slett om til ei pute. For puter får ein jo aldri nok av, 
eller kva? ;) Eg sydde berre på eit kvitt bakstykke og putta innerpute i. 
Raskt og enkelt ;) Det er ikkje så verst å kunne pynte sofaen
 med ei Green Gate pute til den nette
 sum av kr 59 ;)


Dei kvite lingardinene mine er på plass igjen i TV-stova. 
For eg er i vårstemning, og då skal alt vere lyst og lett. Nyvaska sofatrekk og 
gardiner er stas! :) No kan våren kome...


...og det er Ariel veldig enig i. 
Vi har baka kanelboller idag og gått ein passeleg lang tur i fineveret. 
Det har vore ein skikkeleg fin dag!


Eg håper dagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 24. februar 2012

Tusen takk...

..til alle som la igjen nokre ord på forrige innlegg :) 
Det var veldig kjekt å høyre at dei fleste liker bloggen min som den er. Og endå betre var
 det å få litt tips til innlegg. Fleire oversiktsbilder er under planleging, tenkte kanskje
 at vi kunne ta ein rundtur i første etasje (andre etasje er så uferdig endå..) 
Men det krever eit heilt ryddig hus, 
så vi får sjå kor tid det blir ;)


Det var nokre som var interessert i gode oppbevaringstips. 
Så det kan godt vere det dukker opp nokre slike innlegg i nær framtid. No er eg ikkje nokon ekspert på oppbevaring akkurat, men eg har litt på lager. Så er det opp til andre å 
bedømme om dei er gode tips eller ikkje ;)


Når det gjeld oppussings- prosjekta mine så har det vore litt færre av dei no enn før. 
Dette er fordi formen ikkje alltid er like god (pga graviditeten :) Men der er no litt på gong, så det vil kome innlegg om nye prosjekt i ny og ne framover :) Det var nokon som foreslo reprise
 av tidlegare prosjekt, og det kan eg godt om det er interresse for dette? 
Ellers ligg alle prosjekta mine under "bli ny" 
i etiketter på høgre side.

Bildene idag har lite med teksten å gjere ;) 
Dei er nokre eg tok mens eg holdt på med bordekking til 
middagsbesøk tidlegare i veka.

Igjen; tusen takk for gode ord..
og god helg til deg!

Klem frå Bjørg :-) 

onsdag 22. februar 2012

Vil du hjelpe?

Det kan somme tider vere utfordrande å blogge. 
Helst skal ein ha nye og inspirerande bilder i fleire innlegg pr veke. Og all ære til dei som klarer dette med glans! :) For dei er det mange av! :) Her hos meg føler eg at eg står litt "fast" for tida. Og eg har tenkt veldig på kva de som les Huset ved Fjorden tenker. Eg hadde sett stor pris på innspel frå dokke fine leserane mine. Det er jo de som inspirerer meg
 og de som gjer blogginga så moro! :) Kanskje de vil gje meg
idear til innlegg, eller forbedringar som 
eg ikkje har tenkt på før?


Det hadde vore veldig kjekt om du la igjen nokre ord om desse punkta
 i kommentarfeltet på dette innlegget;

-Kva vil du sjå meir av i Huset ved Fjorden?
-Har du konstruktiv ris/ ros du vil dele?
-Er det noko du lurer på? Så skal eg svare så godt eg kan ;)

Eg håper dagen din blir fin!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 20. februar 2012

Litt nytt i spisestova

I spisestova vår har det skjedd litt nytt i det siste. 
Eg ser at rommet har fått lite av farger, men det skal nok kome seg etterkvart
 som våren kjem nærmare ;) 


Det er komt eitpar svarte detaljer på skjenken og i tallerkenhylla. 
Lampa synast eg er så fin! Den er frå Ellos, og er litt lik den gamle grøne 
Luxo- lampa  (eg har frå) før i designet.

 R'en i tallerkenhylla var opprinneleg kvit, 
men har fått eitpar strøk med svart måling. Dette er fordi eg ville
 ha litt kontraster :)


Skjenken har fått nye handtak. Desse er kjøpt på Biltema. 
Ei side frå Pappa sitt gamle herbarium er komen i ramme frå Loppis. Eg har planer om å pynte med fleire av desse herbarium- sidene. 
Dei har absolutt sin sjarm :)

Orkideen er frå Plantasjen, potta er frå Kremmerhuset og hand/ fot avtrykkene
 er Ariel sine som er støypt i gips i ei IKEA- ramme :)


Eg ønsker alle som er innom ei god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 15. februar 2012

Fin dag!:)

Dette har vore ein  kjempefin dag! 
Mannen har sett opp smartpanel på ein vegg i gangen som har "ropt" etter dette lenge. 
Og eg har tjuvstarta på Fastelaven ved å bake boller og fikse Fastelavensris.
Ariel har gått fram og tilbake, og deltatt både her og der 
med stor glede :)


Eg har laga min eigen vri på Fastelavensriset i år 
(eg håper på at Ariel fikser det tradisjonelle i barnehagen ;) Den er ikkje så veldig 
revolusjonerande akkurat, men eg deler likevel ;) Eg "lånte" nokre greiner frå ei bjørk ned
 med vegen. Også knytte eg på stoffremser til pynt. Til vase brukte eg rett og
 slett ein termos frå Kremmerhuset :)


Eg og Ariel baka kveiteboller med marsipankrem.
 Ikkje heilt tradisjonelt det heller, men utruleg godt! Kaffibesøket var enig, 
for bollane forsvann i ein fei :) Oppskrifta fann eg hos 
Keiserens nye Trær. Link finn du her!

Til slutt må eg legge ved eit bilde av Ariel
 som var god hjelper til både Mammaen og Pappaen idag.
Her er det saging på gong, med spor etter bollebaking i ansiktet ;)


Tusen takk for alle fine ord på forrige innlegg. 
Det varmer og inspirerer! :)

Ha ein fin- fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 14. februar 2012

Den lille sorte ;)

Eg får (som sagt før) meir og meir sansen for svart som kontrast i interiøret. Noko eg digger er den heilt svart/kvite bruken som mange har hive seg på for tida. Men eg får det 
ikkje til å fungere her hos meg (irriterandes!) Så her blir det svarte klatter
 i det ellers så romantiske ;)
 Svart måling vart handla inn for ei stund tilbake, 
og i helga vart denne vesle kommoden 
trylla litt med.


Du har sikkert sett kommoden hos meg før. 
Den har lenge vore sukkersøt i lilla (opprinneleg ein brun sak) Men sidan eg har så mykje som er sukkersøtt har denne stått på loftet sidan før jul. Men no har den  fått nytt
 liv i ei meir maskulin drakt. Svart møter
 romantikk i Fjordhuset ;)


Rammene på veggen er også fiksa på. 
Dei spraya eg i sølv for eitpar år tilbake. Eg har lenge synast rammene var litt "glorete". Så dei har også hatt eit opphald på loftet. Er det noko eg ikkje liker er det slike ting
 som ikkje passer inn lenger, som ligg og tek oppbevaringsplass på loft og kjeller. 
Då er det bedre å gjere noko med den fargen du ikkje liker osv, istaden for å kjøpe
 fleire ting som kanskje ender opp på loftet etter ei stund dei også ;) 
Difor har eg  måla rammene kvite. No passar dei bedre inn, 
og oppbevaringsplass er frigjort ;)


Rammene har ikkje glas, 
difor har eg festa nokre familiebilder i svart/kvit med washi- tape
 og pynta litt med dymotekster.



All you need is Love! :)

Eg såg plutseleg at eg har gløymt bursdagen til bloggen (fy meg!) 
Den vart nemleg 2 år på søndag! Hurra! :)Tida flyg når ein har det moro! 
Eg skulle jo tradisjonen tru hatt ein Give Away for å feire. 
Så kanskje det dukker opp ein snart? ;)


Håper du har ein flott Valentines Day!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 12. februar 2012

God Morsdag..

...til alle mødre der ute!.
Måtte dagen din vere flott, det fortjener du! :)

Eg har svinga målekosten i helga. Her får du ein liten smakebit :) 
Dei nydelege rosene + abbonement på Lev Landleg fekk eg av Ariel (og mannen ;) 
Tusen takk til favorittane mine :)

Ha ein super dag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 8. februar 2012

DIY; baby-uro

Etter å ha fått mykje inspirasjon frå andre bloggera, 
har eg og kasta meg over ein  lampeskjerm ;)
Og det var moro!

Lampeskjermen eg brukte er ganske liten, og eg har hatt den liggande lenge. 
Men no hadde den plutseleg eit formål. Den skal bli uro til 
babyen som kjem i juni :)

Eg tok av stoffet som var på skjermen frå før, det var falma og stygt. 
Så reiv eg opp strimler av favoritt- stoffa mine. Og eg tvinna dei rundt her og der. Og knytte det fast i endane. Etter mønster frå Cath Kidston si sybok, 
sydde eg ein fugl med vinger som 
eg hengte i midten.

Etter desse bildene er eg vel kanskje litt avslørt på at babyen er ei jente ;) 
Etter ultralyden fekk vi nemleg beskjed om at det såg ut som nettopp det. Og både eg og mannen har ein følelse for det. I mars skal vi på 3D for å bli heilt sikre.
Nyskjerrige er vi hvertfall! ;)


Fin onsdag kveld til deg som titter innom!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 6. februar 2012

Speil Før&Etter

Hurra! Eg har endeleg fullført ein av makeoverane
 eg har tenkt på lenge :) Speilet er opprinneleg eit brunraudt speil IKEA hadde for ein del år tilbake. For eit par år sidan spraya eg det grått, men no har det fått seg ny "look" med servietter og decoupagelakk :)

Før & Etter;


Planen er å ha det over senga på vårt soverom. 
Difor har eg berre styla det midlertidig for bildene si skuld. Eg har jo ikkje tid å 
vente på at mannen har hengt det opp ;)


Det var eit skikkeleg dillearbeid.  Og det er godt at eg ikkje streber etter det perfekte!
For det var ikkje enkelt å få serviettane på uten at den rynka seg. 
Men det vart jo berre litt røffare, så eg er nesten fornøgd ;)
Eg limte først på serviettane med lakken, 
etterpå tok eg eit strøk over.


Eg har også laga meg ein telysholder av eit syltetøyglas og eit hekla trekk. 
Må seie at eg er litt stolt over at eg huska korleis eg hekla :)
Det strikka trekket på vasen har eg vist før.


Det kjem bilder seinare når speilet er komen på plass på veggen på soverommet. 
No skal mannen snart ha friperiode, så då kan 
han hjelpe meg med slikt ;)


Tusen takk til alle som les bloggen min! 
Og ikkje minst tusen takk til de som legg igjen nokre ord! 
Eg blir så glad, og bloggelysta er meir og meir til stades ;)

Ha ein fin mandag kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails