onsdag 3. mars 2010

Koseleg tidsfordriv

Det er så kjekt å ha litt å pussle med. Sist eg bestilte frå Panduro, slengte eg med eit materialsett for såpelaging for moro skyld! :)







































Sjølve såpekokinga var veldig enkel. Berre å smelte såpemassen, ha i duftolje og evt farge. Så var det å helle massen i såpeformene som var med i pakken.












































Det ALLER kjekkaste var å pynte såpene etterpå :-) Eg pakka dei inn i cellofan og pynta med diverse papir, band, knapper og blomster eg hadde i scrapbook- sakene mine.

Dei vart fine..syns eg sjølv då ;-)












































Lite praktiske, for eg tipper dei blir aldri brukt..sjølv om dei lukter nydeleg. Men dei pynter jo opp :-)

Her skin sola herleg frå blå himmel!
Ønsker deg ein strålande dag ;-)

Klem :-)

1 kommentar:

MarnyAlice♥Kalas Mystiske Hjørne sa...

Kjempefine!!! Lenge sia eg har laga verken såpe eller lys, som eg hadde sånn dilla på for nokre år sia. Men får jo SJØLSAGT ein snill baby so då får mamma i perm masse tid til slike ting...☺

Klem M♥

Related Posts with Thumbnails