onsdag 24. mars 2010

Jippi! :)

I dag har eg henta den etterlengta pakken min, og vore på handel på den nye butikken FRYD i Stryn :)

Så no har det kvite lyshuset mitt fått selskap av desse lekkerbiskenane ;)



Eg betilte Lyshusa i zink etter jul hos Frk Doris. Ho venta dei inn i februar og ville legge dei av til meg.



Februar kom, og februar gjekk. Men no i mars kom dei :)



Vel verdt å vente på! Dei er så stemningsfulle! :) Trur eg har sett etter dei i butikker og nettbutikker i eit halvt år snart, utan å lykkast før no :)



Som sagt før var eg også til Stryn ein tur. Med oppheva sjølvpålagt kjøpestopp, kunne dette bli ei kostbar affære.



Men eg var faktisk flink, og vart ikkje blakk :P. Eg har handla inn 2. og 3. premie til Give Awayen min. Det er noko eg ville likt å fått, men det er fortsatt hemmeleg ;)



Give Awayen min blir trekt i morgon kveld, og dei heldige vinnerane blir kunngjort rett etter :) Blir moro å sjå kven som stikk av med premiane :)



Den nye butikken FRYD i Stryn skuffa ikkje. Den er dreven av den hyggelege dama bak denne bloggen; Ingrids Mamma. Ho har og facebookgruppa FRYD. 
Mange nydelege ting og tang i butikken henna, blant anna frå Green Gate 



Eg klarte ikkje å gå frå denne skjønne, nostalgiske klokka frå Green Gate.



Vart nesten forelska i den ♥ ;)

No skal eg kose meg resten av kvelden med å vaske hus. Kjedleg, men det må jo gjerast ;)

Husk å melde deg på Give Awayen min, ikkje lenge igjen til trekning no :)
Må og takke for all kosleg respons på kjøkkenet vårt i forrige innlegg. Moro at det ikkje er berre eg som synast det er fint :)

Ha ein strålande onsdagskveld!

Klem frå Bjørg :-)

10 kommentarer:

lisje astrid's husblogg sa...

WOOOW!
Så lekre bilder du viser☺
Å ja,dei var verdt å vente på☺
Eg har dei og(men,ops!eg har spraya dei kvite...hihi;)
Spennande med give awayen da☺
Klem frå lisje meg♥

Ingrids mamma sa...

Hei igjen! Koseleg at du kom innom butikken min akkurat idag,- første dagen min som eigen sjef ;)) Heilt supert, i alle fall med så mange kjekke damer på besøk..., og ein einsleg stakkars mann. Blir kjekt å følge deg her på den kjempefine bloggen din. Vi snakkast..., når du kjem og hentar kruset ditt. Klem frå Jannicke

MarnyAlice♥Kalas Mystiske Hjørne sa...

Kjempefine lyshus! Eg har lagt av 2 stk hos Frk.Doris-ventar i spenning på mail om at dei er komt☺ Prøvde og få tak i før jul, men uten hell.

Den GG klokka er kjempesøt!! Har lyst på rosa eller beige til Anine sitt rom. Men den blåfargen er kjempefiiiin!!!

Spennande med give awayen premiane dine☺

Klem M♥

Vivi sa...

Eg kjende meg såå att i profilen din! Då eg var lita ommøblerte eg rommet mitt mange gonger for veka:) Gler meg til neste innlegg!

~Kristina~ sa...

Åååh, så utrolig herlige bilder!
Kjærlighet med første blikk på den GG klokka,tror jeg må ut å se etter en sånn altså! Å jeg som skulle klare å holde meg unna GG, i allefall starte med en kopp eller to!

Du har så mange herlige og inspirerende bilder, at jeg får shoppelyst med engang! Sinkhus leter jeg også etter,må vel ta en ny runde snart, har jo vært veldig tomt overalt!

Kjempespent på Give Awayen din også!:)
Den plakaten var det en herlig dame som tipsa meg om;)

Klem:)

Anette (Hvit Romantikk) sa...

Nydelige bilder du viser ! ♥ De sinkhusene har jeg også, og er veldig fornøyd med dem ! ♥ Fine ! :) Så søt det hvite huset var. ♥ Får jeg spørre hvor du har kjøpt dette ? ;)

Det du beskriver om stort mellomrom mellom avsnittene inne på blogger har jeg opplevd også, skikkelig irriterende ! :( Og i dag har jeg hatt en del andre problemer der inne. Så det kan ta veldig lang tid noen ganger, og da blir jeg skikkelig frustrert.


Ønsker deg en fin kveld videre ! ♥

Klem Anette

Randi sa...

De husene er bare så fiiiine! Må se om jeg ikke kan få tak i noen jeg også. Kanskje ønske meg til bursdagen? Litt kjipt at det er omtrent en halvt år til bursdagen da, så da må det vel heller bli en "lure-unna-for-samboer-en-stund-gave-til-meg-selv":) "Neida, den er ikke ny, den har vi jo hatt leeenge, kjære" :)

Krysser fingrene for trekningen i morgen!

Klem:)

Fru Ruud sa...

Kjempe kos med sink hus! Jeg har to små som jeg er veldig glad i! Ønsker meg noen store også, tenker det ville ha passet fint i trappoppgangen etterhvert når den skal bli ferdig...
Søt klokke da...og mugge...og kofferter...og resten også!!!
Klem Annette

Anonym sa...

flott :) digge sjøl di lyshusene, men er bare heldig eier av 1 stk :)
etter ei hard uke e det fint å være telbake i bloggverden.. Stor klem fra susanne!

MarnyAlice♥Kalas Mystiske Hjørne sa...

Hei☺ Sant det var eit fint pledd??!!☺ Kosta 229, ikkje gale det☺ Løp og kjøp...eller bestill på nettet☺

Og ang lyshusa hos frk.doris...er berre ei veke sia eg reserverte dei, skulle få mail når dei kom på lager igjen...

Klem M♥

Related Posts with Thumbnails